Prislappen en nesten seks milliarder kroner.

– Vi er nærare målet om å oppnå ein ferjefri E39, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Totalplan
I fjor bestemte regjeringa at «Midtre line» skal leggjast til grunn for framtidig E39 mellom Aksdal i Rogaland og Bergen i Hordaland. Det betyr at E39 skal krysse Bjørnefjorden med bru mellom Tysnes og Os. I april vart det bestemt at hovudløysing for planlegging av framtidig utbygging av E39 på strekninga Volda – Valsøya i Møre og Romsdal, med ferjefri  kryssing av Storfjorden, Romsdalsfjorden og Halsafjorden.

Avklaring var viktig
Det er ingen tvil om at det har vore strid om kva for eit traseval som skulle veljast.

– Det er viktig for å gje klare signal om kvar ein skal planleggje vidare for ny veg, men også for dei områda der ein no får frigitt bandlagt areal som dermed kan disponerast til andre formål. No er det opp til lokale styresmakter å posisjonere traséane inn mot neste Nasjonal transportplan 2018-2027, oppmodar vegstatsråden.

- Det er eit stort lokalt engasjement i denne saka, med gode argument for begge traséar, og avgjerda er blitt grundig diskutert i regjeringa. Det har vore viktig for regjeringa å ta ei avgjerd no, slik at vi kan halde oppe tempoet i arbeidet med ein ferjefri E39, seier statsminister Erna Solberg.

65 minutt
Alternativet «Indre trase» omfattar tunnel under Utvikfjellet, innkorting i Stryn og bru over Nordfjorden til Svarstad og så Kvivsvegen vidare til Volda. Strekninga blir 87 kilometer lang, og får ei reisetid på om lag 65 minutt.

Rimelegare
Indre trasé  vart i fjor kalkulert til 5,8 milliardar kroner. Dette er vesentleg lågare enn det «Midtre Alternativ», det vil seie bru Anda – Lote (i staden for dagens ferjesamband), veg gjennom Stigedalen og bru over Austefjorden i Volda.

Indre trasé kjem ifølge samferdselsdepartementet også betre ut samfunnsøkonomisk enn ein variant av Midtre alternativ med bru over Voldafjorden, det vil seie ei løysing som er peikt på frå lokalt hald.   

Med val av Indre trasé kan ein få nytte av dei investeringane som alt er gjorde på Kvivsvegen og ved Hjartåberga. Dette alternativet er dessutan fleksibelt og legg godt til rette for etappevis utbygging.  

Samferdselsdepartementet legg til grunn at E39 vil gå over Anda – Lothe fram til ny bruløysing er på plass i Indre trasé.