Ifølge operasjonsleder Ole Tom Hovind i Nordre Buskerud politidistrikt har føraren erkjent at han ikkje sjekka at tralla var i lås før han begynte å køyre.

Midt i sentrum
44-åringen skal ha kopla på den parkerte tralla i Gol sentrum. Etter nokre få meters køyring, i Sentrumsvegen, skal tralla ha løsna og fortsatt på eigenhand.

– Det var godt dette ikkje skjedde i ein høgresving i ei 80-sone og møtande trafikk. Det kunne fått dramatiske konsekvensar, seier Hovind til lastebil.no.

Heldigvis vart ingen eller ingenting skadd i uhellet.

25 meters tur
Lastebil.no har av vitner på staden fått fortald at lastebilen køyrde berre 25 meter før tralla løsna, første gong sjåføren svinga. Etter det vi forstår skulle denne tralla flyttast til Shell-stasjonen ved riksveg 7, berre 1,9 kilometer unna. Der skulle tralla parkerast og ei ny koplast til før turen gjekk vidare.

Måtte betale
Polakken har overfor politiet erkjent at han ikkje sjekka at tralla var i lås før han starta.

– Han har fått ei bot på 10.000 kroner som han har vedteke. Han måtte og betale denne før han fekk lov å køyre vidare, fortel politiet.