Billegare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med heile 6,9 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 2,0 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 2,2 prosent frå oktober til november, etter prisjusteringar hos nokre forhandlarar. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen auka med 6,4 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader
Delindeksen for løn og sosiale kostnader har stige med 1,4 prosent den siste månaden. Det siste året har lønsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport vore på 3,2 prosent.

Lønsnivået i indeksen blir berekna som eit gjennomsnitt av faktiske utbetalingar til løn og sosiale kostnader for tilsette i eit representativt utval av føretak i næringa godstransport på veg. Endringar i lønsnivået vil som hovudregel bli fanga opp i kvartalet etter at den nye løna er utbetalt. Endringar i samansetninga av tilsette i godstransportnæringa vil også kunne påverke det gjennomsnittlege lønsnivået.

Høgare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,7 prosent frå oktober til november, som følgje av ein oppgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 7,8 prosent.

Lågare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk ned med 0,4 prosent frå oktober til november. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 1,6 prosent.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks