No er sjåføren 10.000 kroner fattigare.

Rutinekontroll
Det var på ein heilt vanleg rutinekontroll på riksveg 5 i Naustdal at Statens vegvesen stoppa polakken.

– Han hadde køyrt 268 timar utan godkjend helgekvil. Han har kvilt, men ikkje etter boka. Du har lov å køyre 144 timar, så han hadde køyrt dobbelt så langt. Det er lenge. Så det er bra at vi får assistanse av politiet på slike saker, seier inspektør i Statens vegvesen, Terje Bødtker til NRK.

Bødtker ser svært alvorleg på slike brot på køyre- og kviletida.

Historisk brot
Når Vegvesenet kontrollerer køyre- og kviletid, så ser dei på data 28 dagar tilbake i tid. Det var i dette tidsrommet brotet hadde skjedd.

– Forholdet låg litt tilbake i tid, så det var ikkje eit aktivt brot. Difor fekk han lov å køyre vidare, seier Bødtker.

– I den perioden har han køyrt på vestlandsvegar, og ein kjenner seg jo ikkje trygg då, legg han til.

Nyleg tok han og ein annan sjåfør som hadde køyrt 33 timar. Den lengste kvilen hans var på 56 minutt, og vogntoget hadde rulla 24,5 timar i strekk, skriv NRK.

Mykje juks
Bødtker er bekymra over det han ser på vegane.

– Det er og ein del fusk og køyring på andre sitt kort. Vi ser og ein tendens til at brota vert grovare, så det er heilt klart behov for at vi er på vegane og kontrollerer, seier Bødtker.

– Tenk deg sjølv at du køyrer personbil i fire og ein halv time. Då er du ganske trøytt og må ha kvile. Desse sjåførane kan køyre opp til ni-ti timar om dagen. Eg meiner at når du køyrer over det som er lovleg, så er du påverka, seier Bødtker til statskanalen.