Sjølv om vekta ikke var for høg for vogntoget, fatta vegvesenet sine kontrollørar mistanke om at ikkje alt var som det skulle.

Avvik
Det var på vekta på Svinesund at vekta viste avvik frå tollpapira. Då kontrollørar til vegvesenet oppdaga at traileren vog meir enn det som var skrive i tollpapir og fraktbrev varsla dei tollarane.

Vodka
Traileren var køyrd dei få metrane frå vegstasjonen til Tollvesenet sin stasjonære skannar på Svinesund. Skannaroperatøren såg med ein gong framandelement i den deklarerte lasta, og etter ein grundigare sjekk fann tollarane fleire boksar med vodkaflasker i traileren.

Anmeldt
Totalt var det 1.650 liter brennevin i lasta og Østfold politidistrikt vart varsla om tollbeslaget.
No må den 42 år gamle polakken forvente ein kraftig rekasjon frå norsk domstol.