Båtbyggjarane frå Hyen i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane har mykje klart på teiknebrettet slik at fartøyet på 70 meters lengde, 20 meter breidde kan ta med seg 400-450 tonn nyttelast.

– Det er fortsatt ein lang veg å gå, men mykje er klart frå vår side, fortel dagleg leiar Tor Øyvin Aa til lastebil.no.

Prototype
Konseptet vart presentert som eit base til base-fartøy overfor næringskomiteen på Stortinget nyleg, og Aa håpar at styresmaktene ser både nytte og gevinst i framlegget.

– Det ideelle hadde vore å få fram ein prototype for den aktuelle operasjonen. På den måten kan fartøyets eigenskapar bli vist i praksis.

– Prislappen er for tidlig å fastsette. Kostnadane vil vera avhengig av nødvendig fart og lastekapasitet i dei aktuelle operasjonane. Fartøyet må uansett vera konkurransedyktig både på pris, kapasitet  og regularitet for at prosjektet skal ha livets rett, seier Aa.          

Ingen ferskingar
Brødrene Aa er ingen oppkomlingar i bransjen, og teknologien har dei brukt i over 20 år. Dei har 130 tilsette og omset for 230 millionar kroner i året. Dei har lukkast svært godt med å byggje passasjerbåtar i karbonfiber. Det materialet reduserer lettskipsvekt, aukar nyttelasta og kuttar forbruket av drivstoff.

– Vi har teknologien, kapasitet, materialkompetansen og det som skal til for å byggje eit slikt fartøy. Men det må finansielle musklar og ein kjøpar på plass. Det jobbar vi med no, sier Tor Øyvin Aa til NRK.

Heile verda som marked
Ideen er ikkje ny. Brødrene Aa leverte 18 ACC-fartøy (Air Cushon Catamaran) for eksport på 80- og 90-tallet. Da vart konseptet nytta til passasjertransport som gjekk i 35-45 knops fart og med plass til opptil 420 passasjerar. Konseptet skal vera spesielt velegna til å bæra stor last i høg fart.

Dei ser og for seg at ein slik katamaran blant anna kan ha eit potensial som lastbærar mellom oljebasar langs kysten.

Dobbelt så rask
Erfaringar frå persontransport viser at denne båt-typen klarar seg godt og i høg hastigheit, sjølv i grov sjø. Avhengig av dødvekt vil ein slik katamaran kunne gå i 25-30 knop (45-55 km/t), fortel Aa til lastebil.no
Dagleg leiar Stein Kvalsund i Maritim Forening Sogn og Fjordane trur at transport-tida kan halverast, samanlikna med gods på for eksempel E39.

– Det er utarbeidd tabellar for kor mykje tid ein kan spare, og utan å gå inn i detaljane så er det på enkelte strekningar mogleg å kutte transport-tida med inntil 50 prosent, seier Kvalsund til NRK.

Brødrene Aa har til nå bygd 41 fartøy og har fulle ordrebøker. Blir den nye katamaranen verkelegheit kan det sørge for ei ljos framtid for brødrene, og ein revolusjon av godstransporten langs kysten.