19-åringen frå Olden gjekk til topps i Yrkes-NM i Trondheim førre veke.

Kjem om to veker
Da han kom heim fortalde onkelen og sjefen hans, Ragnvald Flåten, at han hadde bestilt ny bil til den unge meisteren.

– Eg har tinga ein ny bil som du skal få disponere. Den kjem om eit par veker, fortel onkel Rangvald som styrer Flåten Termotransport.

Den unge vinnaren var ikkje førebudd på dette.

– Nei, dette var eg ikkje klar over. Dette gir berre endå meir motivasjon. seier Asgeir til lokalavisa Fjordingen.

Ragnvald Flåten synes det er kjekt å kunne påskjønne den dyktige lærlingen.

TIL LYKKE: Ragnvald Flåten gratulerar Asgeir med tittel og ny bil. Foto: Privat TIL LYKKE: Ragnvald Flåten gratulerar Asgeir med tittel og ny bil. Foto: Privat

Nesten to millionar
Ifølgje han kjem ny bil og hengar på mellom 1,8 til 1,9 millionar kroner.

– Han visste vel om at ein ny bil var på veg inn i firmaet, men at den skulle bli hans var han ikkje klar over, smiler onkelen, som er stolt av prestasjonen.

– Det er veldig kjekt for firmaet, og positivt for rekrutteringa til skulen. Vi treng litt blest i ein bransje som slit med rekrutteringa, seier han til lokalavisa.

NM-suksess
Yrkes-NM 2014 vart ein stor suksess, både når det gjeld kvalitet, innhald og besøk. Det var ny rekord i antal deltakare med heile 340 unge flinke elevar, lærlingar og fagarbeidar frå hele landet kjempa om å bli best i sine fag.

Dette er topp-tre i NM i Yrkessjåførfaget:

  1. Asgeir Flåten, Flåten Termotransport AS, Sogn og Fjordane
  2. Ingrid Bergheim, T. Ottem Transport, Møre og Romsdal
  3. Simen Kaulum, Jon Kaulum Transport AS, Oppland

Alle bedriftene til medaljevinnarane er medlem i NLF.