Reduksjonen i perioda er 0,4 prosent, viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå.

Dyrare siste år
Årsaka er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp med 2,6 prosent.

Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 1,7 prosent frå februar til mars 2014. Dei siste tolv månadene steig derimot drivstoffindeksen med 1,1 prosent.

Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,7 prosent den siste månaden. Dette er ei følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnadene i denne indeksen. Frå mars 2013 til mars 2014 gjekk kapitalindeksen likevel opp 2,1 prosent.

Høgare reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader steig 1 prosent frå februar til mars 2014. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene auka med 4,1 prosent.

LES OGSÅ:

Nytt vogntog kjørte i fjellveggen

Flammer og røyk fra lastebil