Dei vil lyse ut arbeidet på nytt.

Avvist tidlegare
KOFA har vurdert klagane frå tre av fire entreprenørar som ga tilbod på bygging av ny veg i Sømmevågen. Då tilboda kom inn i mai, avviste Statens vegvesen tre av fire tilbod på grunn av manglande dokumentasjon. Tre av tilbydarane har klaga.
KOFA har nå vurdert klagene og tilrår Statens vegvesen å lyse ut heile arbeidet på nytt.

To moglegheiter
Statens vegvesen har ikkje tatt stilling til om anbefalinga skal takast til følge.

– Vi har to moglegheiter, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Øivind Kommedal. Vi kan velje å skrive kontrakt med entreprenøren som er innstilt, Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS, eller vi kan avvise dei også, og lyse ut arbeidet på nytt, slik KOFA anbefaler.

– Saman med juristane skal vi ta ei avgjerd i løpet av nokre dagar, seier Kommedal.