I eit brev til innbyggjarane sine på kommunens heimeside og i lokalavisa Hallingdølen er han bekymra over dårleg vegstandard og trafikksikkerheit.

– Naivt, meiner administrerande direktør Geir A. Mo i NLF.

– Hemsedal er eit trist eksempel på korleis vegpolitikk ikkje skal gjerast, seier regionsjef Guttorm Tysnes.

– Transportørane og oppdragsgjevarane sjølve må velje transportrute, meiner regionsjef Olav Klasson Vefald i Buskerud.

Dårleg veg frå før
Ifølgje lokalavisa er tungtrafikken gjennom sentrum dobla dei siste ti åra. Det inneber og at over halvparten av transporten mellom aust og vest går gjennom sentrumsvegen til Hemsedals-ordføraren. Med lite pengar til vedlikehald blir ein allereie dårleg Rv. 52 berre dårlegare og dårlegare for kvart år. Da vegen vart bygd var den på ingen måte dimensjonert for så mykje og tungtrafikk.

3-400 vogntog om dagen
På leiarplass i Hallingdølen meiner avisa at det er berre flaks at det ikkje har vore noko alvorleg ulykke, Med 3-400 tungbilar gjennom sentrum dagleg er det berre flaks at det ikkje har skjedd, skriv avisa.

Dei er særleg bekymra over dei utanlandske vogntoga, og at mange held altfor stor fart.

 

«Det einaste tungtrafikken legg att

i Hemsedal er eksos og CO2-utslepp.»

Ordførar Oddvar Grøthe (Sp)

 

Berre negativt
Til avisa er ordfører Grøthe svært kort og konsis i beskrivinga av tungtrafikken:

– Det einaste tungtrafikken legg att i Hemsedal er eksos og CO2-utslepp. Økonomisk betyr den lite og ingenting, konkluderer ordføraren som har brei støtte blant sambygdingane.

Trailerfri fjellovergang
Ordføraren etterlyser ein ny politikk for tungtrafikken. Han ser for seg ei løysing der tungtrafikken berre får køyre på bestemte vegar. Han viser til at fleire fjellovergangar i Sveits og Austerrike er trailerfrie, og meiner norske styresmakter må lære av dette.

Etterlyser vilje og mot
Lokalavisa meiner dette er ein sak som er langt større enn eit oppslag hjå dei. Dei meiner det er mogleg å styre tungtrafikken dit ein vil. Det handlar berre om politisk mot, vilje og fornuft, meiner avisa.
To skilt – eitt på Hønefoss og eitt på Voss – er alt som skal til.

I og med at Stortinget alt har løyvd milliardopprusting av E16, meiner Hallingdølen at Hallingdal og Hemsedal kan bli ei trailefri-sone.

Geir A. Mo (f.v.), Guttorm Tysnes og Olav K. Vefald. Foto: NLF Geir A. Mo (f.v.), Guttorm Tysnes og Olav K. Vefald. Foto: NLF

Enig, men...
Administrerande direktør Geir A. Mo i NLF er fullstendig enig med ordføraren i at gjennomgåande tungtrafikk ikkje har noko i Hemsedal sentrum å gjere. Ikkje i andre sentrum heller.   

– Eg kan forsikre ordføraren om at ingen av vogntoga som skal vidare vestover har lyst til å køyre gjennom sentrumsgatene hans. Dei køyrer der fordi de må, sier Mo.

Mo meiner at løysninga er å leggje Rv. 52 utanom Hemsedal sentrum slik at gjennomgangstrafikken slepp å køyre i miljøgata kommunen har bygd. NLF-sjefen meiner det er naivt å stengje Hemsedalsfjellet for vogntog. Det vil medføre kaos i varetransporten og langt dyrare transport. Mo trur ikkje ordførar Grøthe vil betale for det.

– Ordføraren bør snarast starte reguleringsarbeidet og det politiske arbeidet for å få lagt vegen utanom sentrum. I det arbeidet har han full støtte frå både NLF og norske godstransportørar, seier Geir A. Mo.

Kan takke seg sjølv
Regionsjef for NLF i Hedmark og Oppland, Guttorm Tysnes, er overraska over utspelet frå ordføraren.

– Var det ikkje bygda sjølv som ville at vegen fortsatt skulle gå midt i sentrum, spør han og legg til:

– Når ein vel miljøgate, blir konsekvensen meir støy og bråk.

Tysnes meiner Hemsedal er eit trist eksempel på korleis vegbygging ikkje skal gjerast gjennom tettstader og byar.

Ikkje noko alternativ
Tysnes meiner Hemsedal, på linje med alle andre stadar, er heilt avhengig av lastebilen.

– Kven fraktar råvarer frå landbruket i bygda og til fabrikkane, og kven køyrer mjølk og brød tilbake, undras han.

– Kva med materialar til hus og hytter, drivstoff til bensinstasjonen og ikkje minst alt det reiselivsdestinasjonen Hemsedal er avhengig av for å få hjula til å rulle?

Han meiner at lastebilane ikkje er på vegen for moro skuld, men fordi dei gjer ein viktig jobb for samfunnet. Tysnes minner og om at lastebilane i 2014 forureinar langt mindre enn tidlegare.

Han har likevel ei trøyst til Hemsedal.

– Når E16 blir rusta opp, vil flere yrkessjåførar velgja den vegen. E16 er også den mest driftssikre vegen om vinteren, sier Tysnes.

Kan ikkje kommandere
Regionsjef Olav Klasson Vefald i NLF Buskerud er samd med Mo og Tysnes. Han tek med seg debatten til Vegvesenets KVU-møte i Eidfjord denne veka der tema er Rv. 7 over Hardangervidda.

– Eg trur likevel at transportørane og oppdragsgjevarane sjølve må velje transportrute som fell naturleg ut frå avsendarstad/mottakarstad og vegtilbod, sier Vefald.

Han synes og det er interessant at det er akkurat ordførar Grøthe som reiser dette spørsmålet.

– Eg har vore saman med han i møte tidlegare om transport og han har etter mi meining servert både fornuftige og positive haldningar til transportnæringas oppgåve i samfunnet. Men kanskje skal vi seie; køyr debatt, seier Klasson Vefald.