Det fekk ein nederlendar (47) erfare da Tollvesenet fann «agnet» i bilen hans.

Til Bergen
47-åringen vart stoppa for kontroll på Svinesund og skal ifølgje Tollvesenet ha fortalt at han var på veg til Bergen. Han uttrykte misnøye med fangsten i Sverige etter eit par dagar utan napp, og ville heller prøve fiskelykka i Noreg.

Spesielt agn
Tollarane kjøpte ikkje historia. Dei bestemte seg for å ta ein grundig kontroll og tømte Volkswagen kombibilen for utstyr. Dei fann ein del fiskeutstyr i bilen, men tollarane interesserte seg meir for tre store bagar. Her fann dei fleire pakker.

Tollarane mistenkte at pakkane inneheldt narkotika og varsla Østfold politidistrikt om funnet. Mistanken vart bekrefta, og vekta viste i alt 75 kilo hasj.