Hopp til innhold

Kostnadsindeks for lastebiltransport, oktober 2009

Lastebilkostnadene gjekk i snitt ned 0,6 prosent frå september til oktober 2009. Dei viktigaste årsakene er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige 0,2 prosent.

Se statistikken for oktoberher
Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,4 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 5,6 prosent.

Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.