Oppstart Ev 16 Helletunnelen og Dalevågtunnelen 1. september

Det er no avklara at det vert oppstart med utviding av Helle- og Dalevågtunnelenane

1. september 2005. Finansieringa er klar og prosjektet skal sendast ut på anbod 1. april. Stenging av vegen i anleggsperioden er drøfta med fleire grupper vegbrukarar.

Anleggstida er rekna til maksimum seks månader, avhengig av kor greitt arbeidet går.

Opningstider

Statens vegvesen har fått løyve til å drive nattarbeid og opningstidene vert da følgjande:.

- måndag – torsdag: Open veg kl. 07.00 – 15.00

- fredag: Open veg kl 07.00 – 18.00

- laurdag: Open veg kl 10.00 – 15.00

- sundag : Open veg kl. 10.00 – 18.00

Omkøyring

Personbilar kan i heile perioden nytte gamlevegen mellom Dalevåg og Helle. Både vegen og Hellestraumen bru vil bli opprusta i samarbeid med verneinteressene på fylkes- og statleg nivå.

All tungtrafikk og personbilar med tilhengar eller campingvogn må gå om Hardanger utanom dei faste opningstidene