Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport har stige med 4,3 prosent i løpet av dei siste 12 månadene.

Auke i løn og sosiale kostnader
Lønnsindeksen auka med 2,6 prosent frå oktober til november. I løpet av det siste året har denne delindeksen auka med 4,2 prosent.

Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk opp med 1,6 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har administrasjonskostnadene auka med 1,8 prosent.

Billigare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk ned med 0,9 prosent frå oktober til november. Frå november 2005 til november 2006 gjekk drivstoffindeksen opp med 3,9 prosent.

Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,8 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige 5,3 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane viser lita eller inga endring den siste månaden.

Meir informasjon:klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, ellerasbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.

Se statistikken for novemberher