”I påska 2007 vart det innført kolonnekøyring på Hardangervidda, og under dei vanskelege vêrtilhøva køyrde ei kolonne seg fast. Som ein konsekvens av dette har Vegdirektoratet skjerpa inn rutinane for kolonnekøyring på alle fjellovergangane i landet. Av tryggleiksomsyn er det bestemt at det berre skal vere ei kolonne til ei kvar tid på kvar av dei aktuelle strekningane om gongen. I tillegg skal det settast ei øvre grense på kor mange personar som kan vera med i kvar kolonne. Arbeidet med å finne gode løysingar i samarbeid med lokal redningsteneste er begynt, men er ennå ikkje ferdig.

Innføringa av dei nye retningslinene vil medføre redusert kapasitet ved kolonnekøyring og dermed ulemper for trafikantane – og spesielt for tungtransporten og rutegåande trafikk. Det er difor, i samråd med Vegdirektoratet, bestemt at det ved behov og ved tilstrekkeleg tryggleik vert køyrt ei ekstra kolonne, med berre tunge køyretøy i tillegg til den ordinære kolonnen. Dette er ei ordning vi gjennomfører ut denne vintersesongen i Region vest.

Konsekvensen av dei nye rutinane er at trafikantane må pårekne lengre ventetid ved kolonnekøyring og difor bør vurdere omkøyringsalternativ der det er mogeleg. Samtidig håpar vi med denne ordninga å unngå for store senkingar i transportnæringa.”