Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 3,2 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 16,3 prosent.

Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 1,3 prosent frå januar til februar. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 4,3 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader
Delindeksen for løn og sosiale kostnader auka med 1,0 prosent den siste månaden. Frå februar 2007 til februar 2008 har veksten i lønene for tilsette innafor lastebiltransport vore 5,6 prosent.

Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene gjekk opp med 0,7 prosent frå januar til februar. Det siste året har administrasjonskostnadene stige med 3,7 prosent.

Dei andre delkostnadsindeksane har endra seg lite den siste månaden.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.
Se statistikken for februar her