VEGFORMÅL
Regjeringa føreslår å løyve drygt 14 milliardar kroner til vegformål. Dette er ein auke på 2,64 milliardar kroner eller drygt 23 prosent frå saldert budsjett for 2009, korrigert for verknadene av at store delar av riksvegnettet blir overført til fylkeskommunane frå 1. januar neste år.
I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem over 5,3 milliardar kroner i bompengemidlar til investeringstiltak innan ansvarsområdet til Statens vegvesen.
Den føreslåtte løyvinga til vegføremål er i hovudsak fordelt slik:
6,2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet
6,5 milliardar kroner til investeringar. Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og nokre særlege budsjettpostar
436 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
441 millionar kroner til Vederlag til OPS-prosjekt (utbygging etter modellen offentleg-privat samarbeid
Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: Aukar med 6,6 prosent
Den føreslåtte løyvinga på drygt 6 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein auke med 382,6 millioner kroner eller 6,6 prosent frå saldert budsjett for 2009.
Løyvinga fører mellom anna til at det i 2010 kan leggjast om lag 800 kilometer nytt vegdekke med asfalt. Dette er ei vidareføring av det høge nivået frå budsjettet for 2009.
Tiltak som har verknad for trafikktryggleiken, mellom anna vinterdrift, vil bli særleg prioritert. For bilbelte- og tungbilkontrollane som Statens vegvesen utfører, er det for neste år lagt opp til å vidareføre det høge nivået frå 2009.
Statlege løyvingar til veginvesteringar: Aukar med 34 prosent
I alt 6,5 milliardar kroner er føreslått til veginvesteringar. Dette er ein auke på 1,67 milliardar kroner eller drygt 34 prosent, samanlikna med 2009.
Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for rassikring, utbygging av E16 over Filefjell, utbygging på E6 vest for Alta og E18-utbygginga i Bjørvika i Oslo.
For å sikre effektiv og rask utbygging vil ein vesentleg del av investeringsmidlane bli nytta til alt oppstarta prosjekt, eller til prosjekt som nyleg er vedtekne. Dette fører til at ei rekkje viktige prosjekt over 100 millionar kroner kan opnast for trafikk neste år:
E 18 Krosby Knapstad, Askim, Hobøl og Spydeberg kommunar, Østfold
E18 Bjørvika, Oslo (første etappe med ny E18 i tunnel)
E39 Stangeland Sandved, Sandnes kommune, Rogaland
E39 Tjensvollkrysset, Stavanger kommune, Rogaland
E6 Nordre avlastingsveg i Trondheim, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag
E39 Renndalen Staurset, Halsa og Hemne kommunar i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag
E6 Majavatn, Grane kommune, Nordland
Opninga av desse og andre vegprosjekt fører mellom anna til at talet på kilometer med firefelts veg aukar med 12 kilometer i løpet av neste år, frå 490 til 502 kilometer.
Nye vegprosjekt
Det er føreslått statlege løyvingar til prosjektering, førebuande arbeid og mogeleg anleggstart for fleire større riksvegprosjekt med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
E18 Melleby - Momarken, Eidsberg kommune, Østfold
Riksveg 3 Åsta bru med tilknytningsvegar, Åmot kommune, Hedmark
E39 Lavik ferjekai, Høyanger kommune, i Sogn og Fjordane
E6 Harran Nes bru, Grong kommune, Nord-Trøndelag
E16 Smedalsosen Borlaug, Lærdal kommune, Sogn og Fjordane
E6 Møllnes Hjemmeluft, Alta, Finnmark
Det er aktuelt med bompengar til prosjektering, kjøp av grunn og eventuell anleggstart for desse større investeringsprosjekta (med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner):
E18 Sydhavna, Oslo
Riksveg 2 Kongsvinger Slomarka, Kongsvinger og Sør-Odal kommunar, Hedmark
E18 Gulli Langåker, Stokke og Sandefjord kommunar, Vestfold
E39 Svegatjørn Rådal, Os og Bergen kommunar, Hordaland
E16 Fønhus Bagn Bjørgo, Sør-Aurdal og Nord-Aurdal kommunar, Oppland
E6 Sentervegen Tonstad, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag
I tillegg blir det i 2010 anleggsstart på ei rekkje mindre prosjekt på riksvegnettet.
Særskilte tiltak for trafikksikring: 713 millionar kroner
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet føreslår regjeringa 713 millionar kroner, ei vidareføring av det høge nivået for 2009. I tillegg er det lagt til grunn 10 millionar kroner i bompengemidlar. Midlane vil mellom anna bli brukt til utbygging av midtrekkverk.
I 2010 vil det bli sett i gang utbygging av midtrekkverk på
E6 over Bergshøgda i Hedmark
E6 mellom Hagen og Gyllan i Sør-Trøndelag
E6 mellom Branes og Mule i Nord-Trøndelag
Arbeidet med å byggje midtrekkverk på følgjande strekningar vil bli vidareført
I kurver på riksveg 7 i Flå og Nes kommunar i Buskerud
På strekningar av E16 mellom Sollihøgda og Skaret i Buskerud
Det er lagt opp til å fullføre, starte opp eller vidareføre arbeid på i alt 35 kilometer midtrekkverk på to- og trefelts riksveg i 2010.
I 2010 får dessutan 30 kilometer riksveg sterkare midtoppmerking i form av oppmerkt sperreområde, midtmarkering eller rumlerillar.
Regjeringa prioriterer elles tiltak mot utforkøyringsulukker, utbetring av kryss og kurver og ulike tiltak for å gjere vegtrafikken tryggare i sentrumsområde.
Rassikring: 850 millionar kroner, aukar med 92 prosent
Til rassikring er det føreslått 850 millionar kroner, ein auke på vel 92 prosent frå 2009. 350 millionar kroner går til tiltak på riksvegnettet og 500 millionar kroner til tiltak på fylkesvegnettet.
På riksvegnettet er det i 2010 lagt opp til anleggstart på desse større prosjekta med rassikringsvinst, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
Riksveg 70 Oppdølstranda, i Møre og Romsdal
Riksveg 80 Løding Vikan, i Nordland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
I tillegg har ein prioritert å vidareføre prosjekt som alt er sett i gang, mellom anna riksveg 13 Øvre Granvin Voss grense, i Hordaland, og fleire mindre tiltak på utsette strekningar og punkt på vegnettet.
Gang- og sykkelvegar
Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det føreslått 250 millionar kroner, fordelt med 150 millionar kroner i statlege midlar og 100 millionar kroner i bompengar. Midlane vil i hovudsak gå til tiltak på skolevegar. I tillegg vert etablering av samanhengjande sykkelvegnett i byar og tettstader prioritert. Neste år vil det bli opna 34 kilometer gang- og sykkelvegar.
Tiltak for kollektivtransporten: 145 millionar kroner
Innan ansvarsområdet til Statens vegvesen skal det i 2010 nyttast i alt 145 millionar kroner til tiltak for kollektivtransporten, fordelt med ei statleg løyving på 65 millionar kroner og 80 millionar kroner i bompengar. Midlane vert i hovudsak nytta til oppgradering av haldeplassar og trafikknutepunkt.
Miljø- og servicetiltak
52 millionar kroner av riksveginvesteringane er føreslått til miljø- og servicetiltak. I tillegg kjem 10 millionar kroner i bompengar.
Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming. Det er elles sett av midlar til bygging og oppgradering av kvileplassar for tungtrafikken.
Kjøp av riksvegferjetenester: 435 millionar kroner
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått vel 435 millionar kroner, ein auke på 3,3 prosent frå 2009. Samferdselsdepartementet legg til grunn om lag same rutetilbod som i 2009.
For 2010 har Samferdselsdepartementet lagt til grunn ein takstauke på 3,2 prosent, med verknad frå 1. januar.
Investeringar i riksvegnettet: I alt 11,4 milliardar kroner frå statlege løyvingar og bompengar
I budsjettforslaget for 2010 er det lagt opp å bruke om lag 11,4 milliardar kroner til investeringar i riksvegnettet. Av desse er om lag 6 milliardar kroner statlege løyvingar og om lag 5,4 millardar kroner anna finansiering, i hovudsak bompengar.
Om lag 310 millionar kroner er sett av til såkalla ikkje-rutefordelte tiltak, mellom anna tiltak innanfor prosjektet Nasjonale turistvegar, nødvendig innkjøp av reservebrumateriell, forsking og utvikling.
Resten av investeringsmidlane, til saman om lag 11,1 milliardar kroner, er fordelt slik på dei åtte hovudkorridorane og tilhøyrande strekningane på riksvegnettet - alle tal i millionar kroner.
SKATTER OG AVGIFTER
Avgiftsopplegget innebærer at de typiske lastebilavgiftene prisjusteres med 1,8%.
Dieselavgiften blir på kr 3,56 pr liter neste år, dvs en økning på 6 øre eller 1,8 % pr liter. CO2-avgiften blir på kr 0,58 pr liter, en økning på 1 øre. Det har vært fritak for dieselavgift på andel biodiesel fra april 2009, men dette fritaket forsvinner innen 2012. Det skal fortsatt gis fritak CO2-avgift for andel biodiesel.
Heller ikke denne gang gjøres det endringer i avskrivningssatsene for vogntog og lastebiler og heller ikke på den særnorske omregistreringsavgiften.
Bunnfradraget i formuesskatten er hevet fra 470 000 kroner til 700 000 kroner.
Arveavgiften er uendret.
Regjeringen vil innføre en fraktutjevningsordning på drivstoff for å redusere prisforskjeller mellom distrikter og mer sentrale strøk.