Arbeidet med sikring mot vatn og frost vil halde fram, og tunnelen vil vere brannsikra i slutten av november. Fyrste veka i november startar elektroarbeida for montering av lys og tryggingsutstyr. Det vidare arbeidet vi også gå føre seg med stengd tunnel på nattetid, fordi det då elles er minst trafikk og fører til ferre ulemper for trafikantane. Dei tidlegare innførte tidene for kolonnekøyring vil gjelde ut over vinteren medan dei ulike arbeidsoppgåvene går føre seg. Av omsyn til tryggleiken for dei som arbeider i tunnelen, eller dersom det står utstyr i eine køyrebana, skal trafikkavviklinga etter nye reglar vere kolonnekøyring. Og erfaringa viser at det er einast ved bruk av følgjebil at bilistane held farten nede.
Tider for gjennomfart
Det vil bli kolonnekøyring gjennom tunnelen i tidsromma 21.00 23.00, 02.00 - 02.30 og 05.00 - 05.30. Mellom 07.30 og 21.00 er tunnelen open for trafikk. Utanom desse tidene er tunnelen stengd for vanleg trafikk.
Alle arbeida skal vere avslutta 26. april då har Flenjatunnelen fått heilt nye tekniske anlegg for ventilasjon, alarmar og sikkerheitskommunikasjon, ny og brannsikra vatn- og frostsikring og nytt lys.
Ut på sommaren vil det bli nytt vegdekke i begge inngangspartia.