Vidare blir fylkesvegen på strekninga nattestengt tysdag 6. april og onsdag 7. april, og frå måndag 3. mai til onsdag 12. mai mellom klokken 17.30 og klokken 05.30.
I dei periodane vegen er nattestengt vert det fri ferdsel frå laurdag kl. 05.30 til måndag kl.17.30.
Trafikken gjennom arbeidsområdet vert i dette tidsrommet avvikla med kolonnekøyring og med ledebil kl. 20.00 og kl. 22.15. Vegen vert stengt med bom på Røyr i Strandadalen og utanfor påhogget for ny tunnel, om lag ein km nord for Hellesylt. Det vert ikkje sett opp ferje eller hurtigbåt i den perioden kor vegen er nattestengt.
Påsketrafikken
I påska, frå laurdag 27. mars kl. 05.30 og til tysdag 6. april kl. 17.30, vil vegen vere open for fri ferdsel.
Vidare vert fv. 60 Røyr Hellesylt heilt stengt frå torsdag 8. april kl. 06.00 til og med fredag 30.april kl 17.00. Trafikken vert då avvikla med 2 ferjer og hurtigbåt mellom Hellesylt og Stranda.
Frå 12. mai til midt i august vert vegstrekninga open for trafikk. Det må i denne perioden påreknast mindre trafikkhindringar.
Årsaka til at vegen vert stengt i periodar, er rassikringsarbeidet som no vert utført på strekninga Røyr Hellesylt. Arbeidet på 1. byggesteg er planlagt ferdig sommaren 2011.