Av
Administrator User
Statens Vegvesen opplyser at Ferjeleiet på Krakhella skal fornyast og byggast om. Kaien må difor stengast for vanleg trafikk i perioden 22. mars kl. 17.30 til 25. mars kl. 07.30
Ferjekaiane Rutledal og Losna vart opprusta i 2009 no står Krakhella for tur. Kaien skal byggast om for å få på plass til ein breiare, tofelts lem. Dette krev full stenging under monteringsarbeidet.
Skyssbåt for persontrafikk vert sett inn medan kaien er stengd.
Ferja i sambandet vil gå mellom Rutledal, Losna og Rysjedalsvika i stengeperioden. For ferjerute / ferjetider viser vi til Fjord1.
Kontaktperson i Statens vegvesen
Rolf Nordeide tlf.: 55 51 62 15 / 950 86 773