Ved Seljord, Morgedal og frå Vinjestoga og vestover er det nokre fine strekningar som egnar seg godt til forbikjøring, men det er ikkje lett. Når vogntoga legger seg nærare 100 km/t (GPS fart) og gir ikkje antydning til å sleppa nokon forbi, er det vanskelig, og enda verre på snødekte og isete veier. Eg blinkar meg ut til venstre, skiftar felt og må opp i mellom 115 -120 km/t for å klara å koma forbi. Kor blir det av §12. 4 i trafikkreglane? Tre, fire svingar seinare ser eg ikkje meir til vogntoga som må ned i 60 – 70 for ikkje dra av vegen, eg ligg på 80 +.

Eg veit det er mange som likar å kjøra forbi, men etterpå finn dei ikkje gasspedalen igjen, dei har eg også slitt med både privat og i yrke.
Var eg ein av dei som ikkje fann gasspedalen igjen etter ei forbikjøring, ville du kanskje tapt nokre minuttar. Hadde det gått galt derimot, ville det gått timar, og du hadde vore medansvarlig. Tenk på det neste gang eg blinkar meg ut og vil forbi.

Dette er kanskje noko du som lastebileigar bør minna dine tilsette på, det er vel ikkje så kjekt for firmaet å koma på nyhetene for ei trafikkulykke. I verste fall må du kanskje få tak i ein ny sjåfør, vogntog, og det som verre er.

Trafikkreglene §12. 4.
Når noen vil kjøre forbi til venstre, skal forankjørende holde så langt til høyre som mulig, og ikke øke farten. Når kjøretøyet beveger seg sakte eller tar stor plass, og vegen er uoversiktlig el har motgående trafikk, skal føreren om nødvendig vike til høyre og sette ned farten eller stanse.
God tur!

Med vennlig hilsen
Tor