Dei siste tolv månadene har ferje- og bomkostnadene stige med 8,2 prosent. Den siste månaden gjekk prisane opp med 1,8 prosent, skriv Statistisk sentralbyrå.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk opp 0,9 prosent frå april til mai 2014. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 3,1 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 1,5 prosent frå april til mai 2014. Dei siste tolv månadene auka drivstoffindeksen med 2,5 prosent.
Lønsindeksen gjekk opp med 1,0 prosent frå april til mai 2014. Dei siste tolv månadene har lønsveksten innanfor lastebiltransport vore på 3,2 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen auka med 1,0 prosent den siste månaden. Frå mai 2013 til mai 2014 gjekk kapitalkostnadsindeksen opp 2,8 prosent.
Administrasjonskostnadene auka 0,3 prosent frå april til mai 2014. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 2,6 prosent.
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk opp 0,2 prosent den siste månaden. Frå mai 2013 til mai 2014 auka reparasjons- og servicekostnadene med 4,1 prosent.