Det er særleg kostnader til vedlikehald og service som påverkar indeksen. Frå juli til august har dei totale kostnadene i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) auka med 0,2 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp 0,6 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene voks kapitalindeksen med 1,0 prosent.
Del-indeksen for reparasjons- og servicekostnader har stige med 0,3 prosent frå juli til august 2014. Frå august 2013 til august 2014 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 4,7 prosent.
Det er meir en det dobbelte av den totale veksten i konsumprisindeksen (2,1%) for same periode.
Løns-indeksen gjekk opp med 0,2 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har lønsveksten innanfor lastebiltransport vore på 1,6 prosent.
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 0,1 prosent frå juli til august 2014. Frå august 2013 til august 2014 gjekk drivstoffindeksen ned 0,2 prosent.
Administrasjonskostnadene gjekk ned 0,1 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene har dei totale kostnadene stige med 2,2 prosent.