Det seier leiar i NLF i Hordaland, Jan Ove Halsøy, til lokalavisa Hordaland. Han synes brua er både flott å sjå på og fin å køyra over.
Liten trafikk
Brua som vart opna i august i fjor har ikkje så stor trafikk som prognose og budsjett la opp til. Dermed sviktar bominntektene.
Nå står det att 1,5 milliardar i gjeld som etter planen skulle vore nedbetalt i løpet av 14 år. Hvis trafikken ikkje aukar kan det ifølgje NRK føre til fleire år med bomavgift.
Over Hemsedal
Styreleiar Einar Lutro i Hardangerbrua AS trur at noko av årsaken til trafikksviken er at vegen gjennom Sogn og Hemsdal er kraftig rusta opp, og at mange vel den vegen i staden for brua over Hardangerfjorden.
– V tok kanskje ikkje tilstrekkeleg høgde for den opprustinga, innrømmer Lutro overfor NRK.
Sjå bildegalleri av bygginga her
For seint
Halsøy deler synet til Lutro og meiner at brua kom på plass alt for seint.
– Brua hadde vore kjempebra for 15-20 år sidan, men i mellomtida har vegane på alle dei andre fjellovergangane vorte så mykje betre at yrkessjåførane har vent seg til å køyra der. Det er vanskeleg å bryta opp eit innarbeidd køyremønster, sier NLF-leiaren til lokalavisa.
Ikkje bortkasta
Sjølv om han åtvara mot dette på førehand synes han likevel ikkje brua er bortkasta. Den har mykje å seia for lokalsamfunna på begge sider av fjorden.
Han trur ikkje at det er bompengesatsane som gjer at tungtrafikken i så liten grad nyttar brua, men at det er den totale summen av alternative vegar og personlege vanar som er avgjerande.
VIDEO: Dette er ein flaskehals
.
FAKTA OM HARDANGERBRUA
- Hensikt: Erstatte ferjesambandet mellom Bruravik og Brimnes.
- Omfang: Hengebru med eit hovudspenn 1.310 m, totallengde 1.380 m. I tillegg er det bygd ein tunnel på 2.675 m og 800 m ny veg i dagen.
- Pris: 2,3 mrd. kr.
- Bygging: Starta i mars 2009 – opna i august 2013.
Kjelde: Statens vegvesen
.
ANDRE SAKER: