Fem entreprenørar/arbeidsfellesskap leverte tilbod. Det dyraste kom frå arbeidsfellesskapet Acciona Infraestructuras og Obras Subteterraneas med 1.371 milliardar kroner.
Dyktige
- Eg er nøgd med den gode konkurransen om oppdraget og at prisnivået er som venta og i tråd med budsjettet. I tillegg veit vi at entreprenørfellesskapet som er innstilt er dyktige entreprenørar, seier prosjektleiar Gunnar Eiterjord i Statens vegvesen.
Hundvågtunnelen er ein 5,5 kilometer lang undersjøisk tunnel mellom Hundvåg og Gamlingen i Stavanger. Ein kilometer av tunnelen blir bygd av entreprenøren som bygger Eiganestunnelen.
Betre framkomst
Entreprenøren som får jobben med å bygge Hundvågtunnelen skal mellom anna bygge 4,5 kilometer tunnel med to løp, til saman ni kilometer. På Buøy blir det av- og påkøyring i retning Stavanger.
Det blir langt betre framkomst og miljø i Stavanger sentrum når Hundvågtunnelen står ferdig, fordi store mengder trafikk blir flytt under bakken. Bydelen Hundvåg i Stavanger får ein ny veg til byen, i tillegg til Bybrua. Sentrum av Stavanger blir avlasta, og slepp gjennomgangstrafikken mellom Hundvåg og E39.
Hundvågtunnelen er den siste store tunnelkontrakten i prosjekta Ryfast og Eiganestunnelen og skal ferdig i 2019.
LES OGSÅ: