Årsaka er nedgang i prisen på diesel og lågare kapitalkostnader, skriv Statistisk sentralbyrå.
Opp siste år
Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 0,7 prosent. Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk ned 1,5 prosent frå august til september 2014. Frå september 2013 til september 2014 gjekk drivstoffindeksenned med 2,8 prosent.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 1,4 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene auka kapitalindeksen med 1,0 prosent.
Billigare reparasjon og service
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader gjekk ned 0,1 prosent frå august til september 2014. Frå september 2013 til september 2014 gjekk reparasjons- og servicekostnadene opp 4,2 prosent.