Gustavsen gir VG anerkjennelse for at de har rettet søkelyset mot trafikksikkerhet og at det skal være åpenhet i forvaltningen, men vegdirektøren godtar ikke fremstillingen av motivene for å hemmeligholde ulykkesrapportene.

Offentlig hemmeligholdelse

Vegdirektøren mener at Statens vegvesen i en rekke pressemeldinger og annen informasjon har presentert resultatene av ulykkesgranskningene, men påpeker også at det er politiets oppgave å bringe frem opplysninger i forbindelse med rettslige vurderinger. Gustavsen erkjenner at SVV burde ha vært mer aktive med deling av informasjon til pårørende og etterlatte. De har nå lagt til rette for at pårørende skal få innsyn i rapportene.

Dette er Vegdirektør Terje Moe Gustavsens pressemelding i sin helhet:

Tilsvar: Ulukkesrapportar

På kommentarplass i Dag og Tid 23. mai kritiserar Arild Pedersen meg, Statens vegvesen og ikkje minst våre ulukkesgranskingar.

Som ein offentleg etat tåler Vegvesenet at andre rettar kritisk søkelys mot oss. Eg gir VG anerkjenning for at dei har sett fokus på svært viktige tema: trafikktryggleik og det at forvaltninga skal vere open. Men, sjølv om vi kunne ha handsama enkelte saker betre, så aksepterer eg ikkje mistenkeleggjeringa av motiva vi har hatt for å unnta ulukkesrapportene alminneleg offentligheit.

Påstanden om at vi skulle ha skjult at veg og vegforhold har betydd noko for ulukker er også heilt urimeleg. Kvart år har vi gitt ut ein omfattande årsrapport for arbeidet med ulukkesanalyse. Fleire gonger har vi i tillegg laga temaanalysar. Desse har vi aktivt spelt inn til pressa i form av pressemeldingar og pressekonferansar. Alle desse analysane, som bygger på ulukkesanalyserapportene, har vore offentlege. I analysane er veg/vegforhold og arbeidsmetodikken godt belyst.

Rolledelinga i trafikksaker er klar. Det er politiet som etterforskar dei alvorlege ulukkene og tek ut eventuell påtale. Det er politiet si oppgåve å skaffe relevant informasjon som kan belyse saka i retten. Her medverkar vi med vår kunnskap – også frå vårt ulukkesarbeid.

Eg erkjenner at vi burde delt meir og ha vore meir aktive. Særleg gjeld dette overfor dei pårørande og etterlatte. Vi burde sett klarere at for nokre av dei kunnevåre analysar medverka til å gjere sorgen og saknet litt mindre vanskeleg å handtere  Her gir eg ei orsaking utan noko form for atterhald til dei som ikkje har fått det innsynet dei hadde ønska. Vi har no lagt til rette for at pårørande skal få innsyn i rapportene.

Pedersen legg VG sitt premiss om hemmeleghald til grunn for si analyse. Her må eg berre gjenta at eg kjenner saka for godt til å akseptere eit utgangspunkt som ville innebere at vi medviten og med overlegg har halde innhaldet i våre ulukkesrapportar hemmeleg og med det aktivt underslått informasjon til andre aktørar. Vi har hatt eit overdna mål for arbeidet: å spare menneskeliv i trafikken.

Terje Moe Gustavsen
Vegdirektør

.

ANDRE SAKER:

Dette er landets mest spesielle "Boble"

Trafikkomlegging i Bjørvika

Fulgte etter dieseltyvene

Råtassen på Svinesund

Hengervelt ved Mosjøen

Sjekk datostemplingen på dekkene

Braut køyre- og kviltetida - 8.000 i bot

Store gutter – små gleder

Svenske ødela autovernet

Svensk lastebilsjåfør valgt inn i EU-parlamentet

Det kan bli tre bomstasjoner i Sola

Smarte tips for bilferie i utlandet

VIDEO: Her filmer han sin egen frontkollisjon

VIDEO: Noe helt annet….. Sur, grinete og seksuelt frustrert elgokse