Dei siste tolv månadene gjekk dei totale kostnadene opp 0,7 prosent.
Drivstoff
Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen auka med 2,7 prosent den siste månaden. Men frå mars 2014 til mars 2015 gjekk drivstoffindeksen ned 5,5 prosent.
Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,3 prosent frå februar til mars 2015. Frå mars 2014 til mars 2015 gjekk reparasjons- og servicekostnadene derimot opp 2,4 prosent.
Nedgang i kapitalkostnadene
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,2 prosent den siste månaden. Dei siste tolv månadene auka den med 0,9 prosent.
Administrasjon
Administrasjonskostnadene auka med 0,1 prosent frå februar til mars 2015. Dei siste tolv månadene var auken 2,9 prosent.