Tollpatruljen frå Østby tollstad stoppa ein kvit Volkswagen LT på fylkesveg 221 i Valdalen i Hedmark. Tollarane fann 2.784 liter øl, 508 liter brennevin og 25.000 sigarettar då dei opna bakdøra på bilen.
Det var ein 35 år gamal polsk statsborger som køyrde bilen mens ein 23-åring landsmann var passasjer.
Bilen var utstyrt med falske norske kjennemerke. Dei to smuglarane vart overlevert til mannskap frå Trysil lensmannskontor etter tollbeslaget.