Nyland køyrer til vanleg kraftfôr frå Norgesfôr Ottadalen Mølle i Lom til kundar på Vestlandet. I kveld har han programleiar Vibecke Wold Haagensen frå NRKs Norge Rundt med som passasjer.
Studio i lastebilen
Bilen blir lasta opp i Lom og set så kursen over Strynefjell og til Hornindalsvatnet for å levere kraftfòr til fjellgardar på Vestlandet. Programleiaren brukar Volvoen til Nyland til å introdusere innslaga, men og for å koma litt under huda på norske tungbil-sjåførar.
God ambassadør
Ifølgje nettsida til
Ottadalen Mølle er Geir Elling Nyland er litt over middels interessert i arbeidsplassen sin. Gjennom TV-bileta i kveld kjem nok dette tydeleg fram.
Det meste er spesielt på bilen hans, og litt om dette og korleis det er å køyre ut kraftfôr til kundane på Vestlandet ser du altså på Norge Rundt i kveld.
Thor Tenden Transport er sjølvsagd medlem i NLF.
Norge Rundt starter rett etter Dagsrevyen i kveld, klokka 19:30.
TEAMET: John Arnt Nøstdal (f.v.), Trond Baugstø,, Vibecke Wold Haagensen , alle frå NRK og Geir Elling Nyland. Foto: Øivind Løken
STUDIO TRUCK: Vibecke Wold Haagensen brukar lastebilen som studio. Foto: Tor Arne Sandviken