Vegen vart stengt av store skredmassar mellom Gjøra og Grøa måndag ettermiddag. Vegen  opna igjen klokka 12 i går, men store nedbørsmengder i dag tidleg og tilsig av nye massar, gjorde at oppryddinga måtte stanse og vegen blei stengt på nytt igjen.  

Vatn og grus i vegen

Det er framleis store skredmassar ved og på vegbana, og nokre stikkrenner som skal ta unna vatn, er framleis tett av skredmassar.

– Vegen må no haldast stengt fram til skadane er utbetra og det vil bli teke ny vurdering om opning på laurdag, seier fungerande seksjonsleiar Jan Georg Fossheim i Statens vegvesen.

Faren for nye jordskred i området er minkande, men det er venta nedbør søndag som kan forverra problema med vatn og stein i vegen, viss det ikkje blir gjort nødvendige tiltak.

Omkøyring og informasjon

Omkøyring via E136 gjennom Romsdalen eller E39 Orkanger – Molde.

Sjå 175.no for oppdatert informasjon frå Vegtrafikksentralen.