← Tilbake til nyhetsbrevet: Trøndelag Region 6 uke 45
Nyhet Publisert 06.11.2026 av Leif Jarle Christensen
Éin million har lasta ned Vegvesen trafikk
Sidan lanseringa har Vegvesen trafikk utvikla seg frå ein kanal for trafikkinformasjon til eit planleggingsverktøy for både privatbilistar og yrkessjåførar.
– Éin million nedlastingar er ein viktig milepæl. Det viser at mange trafikantar har nytte av informasjonen når dei skal planleggje reisa og ta gode val undervegs, seier Frode Kvam i Statens vegvesen.
Bruken har auka kraftig. I mars 2023 hadde appen 321 000 unike dagsbrukarar. I mars 2026 var talet 510 000.
Samfunnsgevinst på 133 millionar kroner
Ei berekning frå Oslo Economics viser at Vegvesen trafikk skaper ein samfunnsverdi på om lag 133 millionar kroner i året. Berekninga omfattar både appen og nettsida.
Gevinstane kjem mellom anna frå kortare reisetid, meir føreseielege reiser, mindre tid brukt på å leite etter informasjon, lågare ulykkesrisiko, kortare køyrelengder og reduserte utslepp. Trafikkmeldingar, varslingar og nettkamera står for dei største bidraga.
– Når oppdaterte data, fagkunnskap og teknologi blir omsette til informasjon folk kan bruke, får det ein konkret verdi for både trafikantane og samfunnet, seier Kvam.
Nyttig når forholda er krevjande
Vegvesen trafikk blir særleg mykje brukt når vêr og vegforhold gjer det vanskeleg å kome fram. Trafikantane kan mellom anna få pushvarsel om endringar på ruter og vêrutsette vegar og sjekke status for fjellovergangar før dei køyrer.
Då ekstremvêret Jakob trefte Vestlandet i 2024, blei bruken av appen mangedobla. Meir enn 27 000 personar brukte appen same dag for å planleggje reisa, og fleire tusen nye brukarar lasta han ned i løpet av få dagar.
– I slike situasjonar er det ekstra viktig med oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon. Målet er å hjelpe trafikantane med å unngå overraskingar, vurdere alternative ruter og kome tryggare fram, seier Frode Kvam.
Informasjon før og under reisa
Vegvesen trafikk gir mellom anna:
sanntidsinformasjon om trafikkflyt og kø
trafikkmeldingar og pushvarsel om endringar
prognosar for glatt veg
informasjon om ferjer
prognosar for stenging og kolonnekøyring på viktige fjellovergangar
vinddata på vêrutsette bruer
informasjon om rasteplassar og fasilitetar
nettkamera og vêrdata frå heile landet
Appen er også tilgjengeleg på engelsk.
Eige tilbod for tungtransporten
Vegvesen trafikk er utvikla i tett dialog med transportnæringa. For tungbilsjåførar gir tenesta mellom anna ruteplanlegging tilpassa tunge køyretøy og informasjon om døgnkvileplassar, fjellovergangar, vêr og trafikkforhold.
Norges Lastebileier-Forbund (NLF) har vore involvert i utviklinga sidan starten.
– Appen er no eit svært godt hjelpemiddel for både bileigarar og sjåførar. Å kunne velje dei gunstigaste rutene på dei beste tidspunkta gir store økonomiske og miljømessige innsparingar, seier Kjell Olafsrud, viseadministrerande direktør i NLF.
Skal gi endå betre situasjonsforståing
Vegvesen trafikk blir utvikla vidare med utgangspunkt i brukarbehov, tilbakemeldingar og stadig betre data om veg, vêr og trafikk.
No arbeider Statens vegvesen vidare med å gjere trafikkinformasjonen meir relevant og gi trafikantane betre situasjonsforståing når noko skjer på vegane.
← Tilbake til nyhetsbrevet: Trøndelag Region 6 uke 45 ← Tilbake til Region 6 Trøndelag