← Tilbake til nyhetsbrevet: Trøndelag Region 6 uke 45
Nyhet Publisert 06.11.2026 av Leif Jarle Christensen
Arbeid på E39 i Vestnes
E39-arbeidet i Vestnes foregår i området som på kartet er sirkla inn. Illustrasjon: Statens vegvesen
Arbeidet startar i veke 46, og skal etter planen pågå ut november.
– Vi skal grave i grøfter langs vegen for å legge drensledning, altså eit røyr i bakken som samlar opp og leier vekk vatn. Vidare skal vi heve grøftbotnen for å gjere den mer trafikksikker. I vårt kontinuerlege arbeid for å betre trafikksikkerheita jobbar vi både med vegen, det som er under dan, og det som er ved sida av den, seier byggeleiar Åge Ødegård i Statens vegvesen.
Det skal arbeidast på dagtid, 07.00-19.00, måndag-fredag. Nattarbeid kan skje ved behov.
Det vil bli redusert hastigheit og lysregulering. I korte periodar kan det ved behov bli manuell dirigering.
Arbeidet skal tilpassast etter beste evne for ikkje å påverke periodane med størst trafikk frå ferje.
Det vil etterstrebast at det skal vere minst eitt køyrefelt ope til ei kvar tid.
Kontakter
Åge ØdegårdByggeleder Statens vegvesen Drift og vedlikehald
← Tilbake til nyhetsbrevet: Trøndelag Region 6 uke 45 ← Tilbake til Region 6 Trøndelag