Herlandstunnelen vert nattestengt kl. 21.00-0630 frå veke 48 til ca. ut januar månad. Kortare stopp må påreknast frå ut i denne veka (45) og i tre veker framover.

Veganlegget er no godt synleg i terrenget, og drifta følgjer i hovudsak framdriftsplanen. I løpet av denne veka (45) vil sprenging av ny trase for søre enden av Herlandstunnelen ta til. Bortsett frå kortare stopp under sprenging og inspeksjon, vil tunnelen vere open for fri ferdsel.

Dette arbeidet skal ta om lag 3 veker.
Så skal den ”gamle” Herlandstunnelen utvidast til dagens tunnelstandard både i høgde og breidde, og få montert nytt teknisk utstyr. Sidan arbeidet skal utførast inne i eksisterande tunnellaup, er det ikkje mogeleg å ha tunnelen open for ferdsel heile døgeret.
Som tidlegare varsla, vil Herlandstunnelen difor bli nattestengd mellom kl. 21.00 og 06.30 kvar natt i frå veke 48, - truleg fram til månadsskiftet januar/februar.
Trafikantar må i dette tidsrommet køyre andre ruter, og dei er det mange av for småbilar.

For tungtrafikken vil det bli skilta ei rute om fv. 389, 390, 397 frå Furuberget til Eikangervågen.