Høgare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen gjekk opp med 0,4 prosent frå juli til august, som følgje av ein auke i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgifter, stige med 5,1 prosent.

Prisstigning på dekk
Dekkindeksen gjekk opp med 0,4 prosent i løpet av den siste månaden etter prisjusteringar hos einskilte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,0 prosent.

Auke i løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen steig 0,4 prosent den siste månaden. Det siste året har lønsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport vore 4,0 prosent.

Frå og med juni 2008 følgjer delindeksen for løn og sosiale kostnader utviklinga i ein ny arbeidskraftskostnadsindeks for tilsette i føretak som driv med godstransport på veg.Meir informasjonom den nye indeksen for arbeidskraftskostnader finn du i ”Om statistikken”.

Auka administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,2 prosent frå juli til august. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 3,1 prosent.


Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga målar utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB målar utviklinga i fakturert pris på transporttenester eksklusiv meirverdiavgift.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg


Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.

Se statistikken for august her