Av
Administrator User
Nedgang i lastebilkostnadene.
Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport gjekk i snitt ned med 0,4 prosent frå august til september. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 8,7 prosent.
Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned med 1,3 prosent frå august til september, som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 4,2 prosent.
Billegare dieselPrisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med 1,0 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med heile 22,9 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet kvar månad.
Auka reparasjons- og servicekostnaderDelindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,2 prosent frå august til september, etter prisjusteringar hos einskilde leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 6,2 prosent.
Prisstigning på dekkDekkindeksen gjekk opp med 0,1 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 4,2 prosent.
Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.
For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks |
|
|
| Meir informasjon: klara.skarnes@ssb.no, tlf. 62 88 54 16, eller asbjorn.willy.wethal@ssb.no, tlf. 62 88 54 15.
Se statistikken for september her | |
|
|