Fjellet må sikrast før ryddemannskapa kan gå inn og fjerne steinmassar frå den øydelagde tunnelportalen. Kor lang tid det vil ta, vert avklara nærare i løpet av dagen, og det vil bli sendt ut ny melding så snart vi veit meir.
Dersom det kjem vintervér noko som kan skje kvar dag som helst, vert sikringsarbeidet meir komplisert og vil ta lenger tid. Det skal vere trygt for dei som skal utføre det fysiske arbeidet både med fjellsikring og massefjerning.
Så lenge vér- og føretilhøva tillét det, kan trafikken gå via gamlevegen i Austmannalia, da med kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn. Dette fordi gamlevegen er krevande å forsere og det skal vere trygt for trafikantane.
Alternative ruter er E16 Filefjell, rv. 7 Hardangervidda eller E18 om Sørlandet.
Kontaktpersonar i Statens vegvesen
Distriktssjef Sigfred A Sivertsen tlf. 917 49 235
Spørsmål av praktisk art knytta til oppryddingsarbeidet: John Holskar Nilssen, tlf. 905 70 053 "