Hopp til innhold

Kostnadsindeks for lastebiltransport, august 2009

Auka dieselpris gjev dyrare vegtransport

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport auka med 0,9 prosent frå juli til august 2009. Dei viktigaste grunnane er prisauke på diesel og høgare lønskostnader. Dei siste tolv månadene har totalkostnadene gått ned 0,1 prosent.Prisutviklinga på diesel førte til at drivstoffindeksen gjekk opp 2,2 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen falle 15 prosent.

Se statistikken for august her

Auke i løn og sosiale kostnader
Lønsindeksen har stige med 1,2 prosent frå juli til august 2009. Det siste året har lønsveksten for tilsette innanfor lastebiltransport vore på 5,7 prosent.

Høgare administrasjonskostnader
Administrasjonskostnadene auka med 0,6 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen auka med 3,3 prosent.

Auka kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,1 prosent frå juli til august, etter prisjusteringar hos nokre leverandørar. Det siste året har denne indeksen gått ned 7,1 prosent.

Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.