Billegare diesel
Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen fall med heile 7,5 prosent den siste månaden. Det siste året har denne delindeksen gått ned med 7,1 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar henta inn frå forhandlarar over heile landet kvar månad

Auka reparasjons- og servicekostnader
Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 5,9 prosent frå november til desember, etter prisjusteringar hos einskilde leverandørar. Dei siste tolv månadene har denne delindeksen stige med 8,7 prosent.

Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 2,7 prosent den siste månaden. Frå desember 2007 til desember 2008 har forsikringspremiane auka med 4,9 prosent.

Høgare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen har stige med 0,2 prosent frå november til desember, som følgje av ein oppgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige med 7,1 prosent.

Statistisk sentralbyrå (SSB) produserer no to indeksar for godstransport på veg. Indeksane i denne meldinga måler utviklinga i dei viktigaste kostnadskomponentane for ti ulike kjøretøygrupper. Den nye kvartalsvise produsentprisindeksen til SSB måler utviklinga i fakturert pris på transporttenester ekskl. mva.

For fleire detaljar, sjå: Godstransport på veg, prisindeks