Høgare forsikringspremiar
Forsikringsindeksen gjekk opp med 2,5 prosent den siste månaden. Frå november 2008 til november 2009 har forsikringspremiane auka med over 10 prosent.

Lågare kapitalkostnader
Kapitalkostnadsindeksen fall med 0,9 prosent den siste månaden. Dette kjem som følgje av ein nedgang i det inflasjonsjusterte rentenivået som ligg til grunn for rentekostnaden i denne indeksen. Det siste året har kapitalkostnadsindeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, gått ned 7,1 prosent.

Nedgang i lønn og sosiale kostnader
Lønsindeksen gjekk ned med 0,5 prosent frå oktober til november. Det siste året har denne delindeksen auka med 3,8 prosent.

Om drivstoffindeksen
Drivstoffindeksen byggjer på faktiske pumpeprisar henta frå forhandlarar over heile landet kvar månad. Sjølv om det kan vere avvik i enkelte månader, viser samanlikningar at utviklinga i pumpeprisane over tid er svært lik utviklinga i prisane på dieselavtalene til dei store drivstoffleverandørane.