Vektsmell til 158.000 kroner
Han søkte om dispensasjon, fekk avslag, men ga blaffen. Det var dumt og dyrt.
Dei tørre tala er: 24 meter lang, 3,4 meters breidde og 90 tonn totalvekt.
Sikra med hjullås No står det tsjekkisk vogntog fast i Rysjedalsvika i Sogn med hjullås etter at Statens vegvesen fekk tips om denne godt vaksne transporten.Der blir det og ståenade til vektgebyret er gjort opp.
– Dei hadde søkt om dispensasjon, men hadde fått avslag. Slik sett visste dei at dette var ulovleg. Vogntoget veg opp mot 90 tonn, mens vegen ikkje tillet meir enn 50 tonn, sier stasjonssjef Tormod Gausdal til NRK Sogn og Fjordane.
Rekordgebyr Gausdal fortel at dette er det klart største gebyret dei har skrive ut i Sogn og Fjordane, og at han har ikkje høyrt om noko større elles i landet heller.
Vogntoget kom med ferga mellom Rysjedalsvika-Rutledal (Fv. 57) og frakta ein turbin over Sognefjorden som skulle leverast i Lavikdalen.
Saka er anmeldt til politiet.
