Hopp til innhold

Skader tunneltak og sier ikke ifra

Statens vegvesen i Voss og hardanger ber transportnæringen vise hensyn og ta ansvar.

Og sjåførane stikk av etterpå utan å melde frå om kva dei har gjort og at skaden kan vere farleg for den som kjem etter. Ved den siste hendinga i Eitrheimstunnelen, stakk armeringsjern ned frå taket.

- Det er fortvilande, seier Olav Svendsen som er tunnelmann i Voss og Hardanger distrikt, og dette skjer stadig. Ein ting er skaden og kostnaden det medfører for Vegvesenet, men det som er verre og svært alvorleg er at den som gjer skade ikkje gir beskjed om dette og berre køyrer vidare.

I dette tilfellet hang det fjellband (armeringjern) ned mot vegbana, med stor fare for skade på bilar og i verste fall alvorlige ulukker for dei som kom etter.

Høgdemåling

- Etter oppmoding reiste eg ut til Eitrheimstunnelen for å måle høgda opp til skaden. Dette ville seie noko om høgda på vogntoget som hadde tatt opp i tunneltaket og forårsaka at tunnelen vart stengd, seier Terje Vidar Hoel ved Odda trafikkstasjon. - Da eg kom dit var det kø i begge endar av tunnelen, og Mesta heldt på å fjerne restar etter feste for isolasjon.

Høgda opp til skaden vart målt til mellom 4,12 og 4,15 m. Skaden var rett innanfor den kvite stripa, seier Hoel. Også han reagerer sterkt på at sjåførar kan vise ei slik aktløyse at dei ikkje melder frå av omsyn til andre trafikantar.

Eitrheimstunnelen ligg på Rv 550 mellom Odda og Utne, og har ei fri høgde på fire meter.

Ikkje berre Haukelitunnelen Det er altså fleire tunnelar på vestlandet som har problem med takhøgda, eller for å seie det på ein annan måte: Problemet med for høge vogntog gjeld fleire stader enn på Haukeli der det i fjor vart varsla og gjennomført kontrollar. Dette førte til at saka vart sett på kartet og no er mange av tunnelane under utbetring for å betre trafikktryggleiken. Fleire tunnelar står i køen for å få heva takhøgde og utvida profilen etter kvart som ressursane kjem på plass.

I mellomtida vil Statens vegvesen oppmode transportnæringa til å vise omsyn og ta ansvar dersom eit uhell skulle skje. Uhell som nemnt ovanfor kan føre til alvorlige ulukker, og oppryddingsarbeidet skaper trafikkaos og ein unødvendig kostnad for samfunnet.