Hopp til innhold

Stenging av rv. 13 Brimnes-Bu

Fra Statens vegvesen Region Vest har vi mottatt følgende melding:

”Statens vegvesen planlegg no stenging av rv. 13 Brimnes-Bu i veke 36, 37 og 38 for å få sprengt ned fjellmassivet Høgasteg.

Tide og Skyss arbeider med alternativ transport. Det er snakk om skyssbåt for passasjerar forbi Bu, og det er snakk om eit forsterka ferjetilbod Kvanndal-Kinsarvik.

Det har vore eit sterk ønskje om å gjere ferdig dette arbeidet og stenginga før stenging av rv. 13 og 7 gjennom Vallaviktunnelen, som blir frå 28.9.09 til 23.11.09. Dette særlig av omsyn til liv og helse for akuttpasientar, som må velje rute til sjukehus i Odda eller Voss. Dei 8 vekene Vallaviktunnelen er stengt er det omkøyring på rv. 572 mellom Bruravik og Holven i Granvin via Ulvik og Ulvikfjellet."