Hopp til innhold
Sju pallar med øl
Enlarged image

BESLAG: Sju pallar med ølboksar var gøymd mellom lovleg last. Foto: Tollvesenet

Sju pallar med øl

Ein litauer fekk problem med å hugse da tollarane fann sju pallar med øl i lasta.

Politi og tollvesen fann 441 brett med øl i traileren (12.000 boksar) som utgjer 230.000 kroner avgifter til statskassa. Dei sju pallane med øl var gøymd under den lovlege lasta.  

UP lukta lunta Det var ei UP-patrulje som stoppa den latviske registrerte traileren for kontroll på Tjelta i Stavanger. Betjentane fekk mistanke om at alt ikke var som det skulle og tilkalla tollvesenet for bistand.

STOR VERDI: Ølet utgjer 230 000 kroner i avgifter til statskassa. Foto: Tollvesenet
Enlarged image

Hugsa ikkje Den litauiske sjåføren (24) fortalde ifølgje toll.no at han var på veg til Haugesund og Kristiansand med last, men han hugsa ikkje namnet på tollstaden der han hadde køyrd inn i Noreg. Han kunne heller ikkje vise fram norske tollpapir.

Nå følgjer Rogaland politidistrikt opp smuglarsaka.

.

ANDRE SAKER:

Hasardiøs estlender

14 millioner i bot etter at to mistet livet

Ødelagt i brann

Ferjefri E39 god butikk

Gutt (4) krasjet med lastebil

Inn i gullalderen

Drept i frontkollisjon med lastebil

Nattestengt i Heimdalsvegen

Stavenestunellen ikkje ferdig