Hopp til innhold
Stopp - igjen
Enlarged image

NY STOPP: Vegarbeidet skulle etter planen vore sett i gang alt i sommar. Kart: Statens vegvesen

Stopp - igjen

Klagenemda for offentlige anskaffelser (KOFA) anbefaler Statens vegvesen å avvise alle tilbydarane i Sømmevågen-prosjektet.

Dei vil lyse ut arbeidet på nytt.

Avvist tidlegare KOFA har vurdert klagane frå tre av fire entreprenørar som ga tilbod på bygging av ny veg i Sømmevågen. Då tilboda kom inn i mai, avviste Statens vegvesen tre av fire tilbod på grunn av manglande dokumentasjon. Tre av tilbydarane har klaga. KOFA har nå vurdert klagene og tilrår Statens vegvesen å lyse ut heile arbeidet på nytt.

To moglegheiter Statens vegvesen har ikkje tatt stilling til om anbefalinga skal takast til følge.

– Vi har to moglegheiter, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Øivind Kommedal. Vi kan velje å skrive kontrakt med entreprenøren som er innstilt, Kruse Smith Entreprenør og Bjelland AS, eller vi kan avvise dei også, og lyse ut arbeidet på nytt, slik KOFA anbefaler.

– Saman med juristane skal vi ta ei avgjerd i løpet av nokre dagar, seier Kommedal.