Hopp til innhold
Trøkk på treff
Enlarged image

TIDSREISE: Det har skjedd store endringar på norkre tiår. Alle foto: Geir A. Mo

Trøkk på treff

Mykje folk og stor stemning på lastebiltreff i Aurland.

Messa til Turlid Transport var populær og var ein magnet på mange laurdag. I tillegg til transportøren som sjølv stilte med nypussa bilar fra fleire tiår, var det og mange andre aktørar som deltok.

Bertel O. Steen viste fram fine doningar og hadde demokøyring med fleire av dei siste modellane. Fagdekk, Ekeri, Yara, Esso, Synfiber, Aurland Sparebank, utegruppa til Statens vegvesen, Yrkesbil og Flom Kjetting viste seg og fram saman med lokalavisa, Sogn Avis. NLF-sjef Geir A. Mo deltok og.

Etter grill-buffeten laurdag kveld spelte PK & Dansefolket opp til dans.

Ei legende var også innom. Sjølvaste Didden måtte prøvesitje. Han er 72 år og framleis på vegen kvar dag.
Enlarged image
Ingen tvil om kven som sto bak messa.
Enlarged image
Jan Turlid (t.v.) i prat med ein av dei besøkjande.
Enlarged image
Publikum kosa seg i sola. Fleire hundre var innom messa i Aurland.
Enlarged image
Tøff bil frå arrangøren.
Enlarged image