Hopp til innhold
Vektsmell til 158.000 kroner
Enlarged image

DYR STOPP: 158.000 kroner svir og er det største vektgebyret nokon gong i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Vektsmell til 158.000 kroner

Han søkte om dispensasjon, fekk avslag, men ga blaffen. Det var dumt og dyrt.

Dei tørre tala er: 24 meter lang, 3,4 meters breidde og 90 tonn totalvekt.

Sikra med hjullås No står det tsjekkisk vogntog fast i Rysjedalsvika i Sogn med hjullås etter at Statens vegvesen fekk tips om denne godt vaksne transporten.Der blir det og ståenade til vektgebyret er gjort opp.

– Dei hadde søkt om dispensasjon, men hadde fått avslag. Slik sett visste dei at dette var ulovleg. Vogntoget veg opp mot 90 tonn, mens vegen ikkje tillet meir enn 50 tonn, sier stasjonssjef Tormod Gausdal til NRK Sogn og Fjordane.

Enlarged image

Rekordgebyr Gausdal fortel at dette er det klart største gebyret dei har skrive ut i Sogn og Fjordane, og at han har ikkje høyrt om noko større elles i landet heller.

Vogntoget kom med ferga mellom Rysjedalsvika-Rutledal (Fv. 57) og frakta ein turbin over Sognefjorden som skulle leverast i Lavikdalen.

Saka er anmeldt til politiet.