Hopp til innhold
Gutta klare for ny tur
Enlarged image

Gutta klare for ny tur

Mondag set samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen og statssekretær Bård Hoksrud seg i kvar sin bil med retning for Bergen.

Dei skal køyre kvar si rute over fjellet. Dagen etter køyrer dei to andre ruter tilbake til Oslo.

Sjølvsyn Solvik-Olsen har nesten gjort bilkøyring som eit varemerke. I fjor sommar tok han turen frå Oslo til Krikenes.

– Før eg tek stilling til hovudsamband mellom aust og vest, vil eg og mannskapet mitt køyre dei ulike rutene og møte folk langs vegen. Vi vil sjå tilstanden på vegnettet med eigne auge, og vi vil lytte til dei som bur langs vegen. Vi vil møte næringsliv, yrkessjåførar, organisasjonar, lokale politikarar og folk flest, seier samferdselsminister Solvik-Olsen.

Dette er rutene: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

  • Dag 1: E16 over Filefjell
  • Dag 2: Fv. 7 via Hardanger til Hardangerbrua og rv. 7 til Hønefoss

Statssekretær Bård Hoksrud

  • Dag 1: Rv 7 og rv 52
  • Dag 2: Os-Fusa-Odda og E134

NLF på plass Fleire av NLF-regionane vil sørgje for at både minister og statssekretær blir tatt godt i mot, og ikkje minst at dei blir blir orientert om kva slags utfordringar transportnæringa har.