Vegføremål: 15,1 milliardar kroner – 60 prosent meir til vedlikehald
- I 2011 blir det eit historisk løft for drift og vedlikehald på vegnettet. Det vil blant anna gi 1000 kilometer med nytt asfaltdekke på riksvegane. Basert på dagens utrekningsmodellar blir veksten i etterslepet i vedlikehaldet stansa. Det blir auke i løyvingane til investeringar, medrekna ein milliard kroner til rassikring, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Regjeringa føreslår å løyva nær 15,1 milliardar kroner til vegføremål i 2011.
Dette er ein auke på 11,2 prosent, når ein ser bort frå eingongsløyvinga i samband med overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane.
Auken er på 6,84 mrd. kr eller 43,9 pst samanlikna med 2005, målt i 2011- kr. Ein har då tatt omsyn til overføringa av vegnett til fylka i samband med forvaltningsreforma.

Drift og vedlikehald
Den føreslåtte løyvinga på 7,2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein auke på 16 prosent frå 2010. Auken gjer at ein, basert på gjeldande berekningsmodellar, vil stansa veksten i forfallet av vegkapitalen.

Til vedlikehald er det føreslått 1,55 milliardar kroner. Dette er ein auke på 60 prosent. Løyvinga fører mellom anna til at det i 2011 kan leggjast om lag 1000 kilometer nytt vegdekke med asfalt. – Dette gjer vi for å møta store behov som følgje av etterslep i vedlikehaldet, kostnadsauke, trafikkauke og nye veganlegg, seier samferdselsminister Kleppa.

Investeringar
- Større investeringsprosjekt blir avslutta og vil bidra til betre framkome og redusert reisetid. I tillegg til start av nye prosjekt er det sett av planmidlar til prosjekt som på lengre sikt vil gi betydeleg betre framkome, seier samferdselsminister Kleppa

I alt 6,92 milliardar kroner er føreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, ein auke på 444 millionar kroner eller 6,9 prosent samanlikna med saldert budsjett 2010. Dette er medrekna rassikringsmidlar. I tillegg kjem om lag 3,45 milliardar kroner i bompengar som går til investeringstiltak.

Det er føreslått statlege eller eksterne midlar til oppstart av desse store prosjekta i 2011, alle med kostnadsoverslag på meir enn 100 millionar kroner:
- E18 Sydhavna i Oslo, avhengig av at det blir gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av kostnadsoverslaget.
- E134 Skjold – Solheim i Rogaland
- Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til framlagt forslag om bompengefinansiering
- E6 Oppdal sentrum i Sør-Trøndelag
- E105 Storskog – Hesseng i Finnmark

Det er elles føreslått statlege midlar med sikte på mogleg oppstart av fleire andre store prosjekt i 2011. For desse prosjekta er tildeling av midlar og oppstart avhengig av at det blir tilslutnad til føreslått bompengeopplegg:
- E18 Melleby – Momarken i Østfold
- E136 Tresfjordbrua i Møre og Romsdal

Ved tilslutnad til bompengeopplegg kan det dessutan vera mogleg med anleggsstart i 2011 på følgjande store prosjekt, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
- Riksveg 2 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
- E18 Gulli – Langåker i Vestfold
- E39 Astad – Knutset i Møre og Romsdal
- E16 Fønhus – Bagn i Oppland

Rassikring
- Med budsjettforslaget for 2011 følgjer regjeringa opp målet sitt om ein milliard kroner årleg til rassikring i perioden 2010 – 2019, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Til rassikring er det føreslått 1,05 milliardar kroner, ein auke på 23,7 prosent frå 2010. 526 millionar kroner skal gå til rassikringsprosjekt på fylkesvegnettet, medan resten skal nyttast på riksvegar.

- Å bruka pengar på rassikring er god samfunnsøkonomi fordi rassikring reduserer dei ekstra kostnadene som folk og næringsliv har på grunn av ras eller fare for ras. Det viktigaste er likevel at rassikring er med på å hindra at det skjer ulukker. Slik minskar ein uvissa for dei mange som dagleg må køyra på rasutsette vegar, seier samferdselsministeren.

Kjøp av riksvegferjetenester

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det føreslått 446,4 millionar kroner, ein auke på 10,4 mill kroner eller 2,4% frå 2010. For 2011 har Samferdselsdepartementet lagt til grunn ein takstauke på 3,1% frå 01.01. 2011.

Forsking og utvikling: nytt forskingsprogram innan trafikktryggleik
- Vi treng meir kunnskap om korleis vi kan førebyggja ulukker og møta framtidige tryggleiksutfordringar i heile transportsektoren. Eg er glad for at vi har funne midlar til eit nytt forskingsprogram som vil hjelpa oss med dette, seier Magnhild Meltveit Kleppa.
Det nye programmet får namnet TRANSIKK, og er ei vidareføring av RISIT-programmet. Forskarane skal mellom anna arbeida med sikkerheitskultur og teknologi.
Regjeringa føreslår ei samla løyving på 241,1 millionar kroner til samferdselsforsking og utvikling (inkludert Transnova).

SKATTER OG AVGIFTER

Avgiftsopplegget innebærer at de typiske lastebilavgiftenene prisjusteres med 1,7 - 1,8%.

Dieselavgiften blir på kr. 3,62 per liter neste år, det vil si en økning på 6 øre eller 1,7% per liter. CO2-avgiften blir på kr. 0,59 per liter, en økning på 1 øre. Biodiesel hadde før 2010 et fritak for autodieselavgift. I 2010 innførte Regjeringen halv autodieselavgift og varslet at innfasing av full autodieselavgift skulle komme fra 2011. Dette har Regjeringen gått bort fra, slik at autodieselavgiften på biodiesel for 2011 er den samme som for 2010, dog med en prisregulering på 1,7%. Autodieselavgift på biodiesel blir dermed for 2011 kr. 1,81, en økning fra i fjor på 3 øre.