Vidare blir fylkesvegen på strekninga nattestengt tysdag 6. april og onsdag 7. april, og frå måndag 3. mai til onsdag 12. mai mellom klokken 17.30 og klokken 05.30.
I dei periodane vegen er nattestengt vert det fri ferdsel frå laurdag kl. 05.30 til måndag kl.17.30.
Trafikken gjennom arbeidsområdet vert i dette tidsrommet avvikla med kolonnekøyring og med ledebil kl. 20.00 og kl. 22.15. Vegen vert stengt med bom på Røyr i Strandadalen og utanfor påhogget for ny tunnel, om lag ein km nord for Hellesylt. Det vert ikkje sett opp ferje eller hurtigbåt i den perioden kor vegen er nattestengt.

Påsketrafikken
I påska, frå laurdag 27. mars kl. 05.30 og til tysdag 6. april kl. 17.30, vil vegen vere open for fri ferdsel.
Vidare vert fv. 60 Røyr – Hellesylt heilt stengt frå torsdag 8. april kl. 06.00 til og med fredag 30.april kl 17.00. Trafikken vert då avvikla med 2 ferjer og hurtigbåt mellom Hellesylt og Stranda.
Frå 12. mai til midt i august vert vegstrekninga open for trafikk. Det må i denne perioden påreknast mindre trafikkhindringar.
Årsaka til at vegen vert stengt i periodar, er rassikringsarbeidet som no vert utført på strekninga Røyr – Hellesylt. Arbeidet på 1. byggesteg er planlagt ferdig sommaren 2011.